Han minner om at ringnotflåten driv svært effektivt og lønsamt, og oppnådde ein driftsmargin på heile 24,3 prosent i 2012.

– Møre og Romsdal Senterparti ynskjer derfor å bevare ringnotflåten slik den er i dag, seier Geir Inge Lien som er fungerande fylkesleiar i Ragnhild Aarflot Kalands sjukefråvær.

Attraktive

– Dette er attraktive arbeidsplassar, og mange av dei som er mannskap om bord i desse båtane bur i distrikts-kommunar. Ringnotflåten kan konkurrere med Nordsjøen når det gjeld både lønsnivå og fritidsordningar. Det er heilt unødvendig å ta så store grep som regjeringa legg opp til, seier han.

– I lys av dette er tidspunktet for å gjere så store strukturelle endringar i ringnotflåten svært uheldig. Vert dette gjennomført, kan det føre til arbeidsløyse. Forslaget frå regjeringa går ut på å auke kvotetaket i ringnot frå 650 til 850 basistonn. Konsekvensen vert då at fartøy vert tekne ut av aktivt fiske og vert kondemnert.Geir Inge Lien minner om at Herøy Fiskarlag i sitt høyringssvar fryktar talet på ringnotfartøy vert redusert frå 79 til 50.

– Det vil vere dramatisk.Grunngjevinga frå regjeringa er å skape lønsame, konkurransedyktige og heilårlege arbeidsplassar. Av høyringsbrevet går det fram at ringnotflåten i 2012 i snitt hadde berre 167 driftsdøgn, ein nedgang på 40 prosent, frå 274 driftsdøgn i 1998.

Stortingsgruppa

– Kva gjer fylkespartiet vidare i denne saka, Geir Inge Lien?

– Vi kjem til å spele saka inn til stortingsgruppa, først og fremst til Geir Pollestad (Sp) som er leiar i næringskomiteen, men også til stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) frå Møre og Romsdal.

Krev stortingsbehandling

Stortingsrepresentant Jenny Klinge meiner fiskerinæringa fortener betre enn den måten regjeringa går fram på i fiskeripolitikken.

– Og når kan denne saka kome til Stortinget?

– Det veit vi ikkje. Og heller ikkje om regjeringa er villig til å leggje saka fram for Stortinget. Men her kan det i verste fall vere snakk om ei rasering av heile fiskerinæringa. Derfor må saka leggjast fram for Stortinget, krev stortingsrepresentant Jenny Klinge.