Børre Waagan og familien hans var eitt år i Kenya på eit fredskorpsutvekslingsprogram i regi av Norad. Medan Børre var i Kenya, reiste kenyanaren Dixon Wakise til Skodje.

Dei to karane har halde kontakta, og det er bakgrunnen for at Plany no tenkjer å gjere butikk i Kenya.– For dette er ikkje veldedigheit. Det er butikk, seier Børre Waagan som er dagleg leiar i Sande-bedrifta.

Knoppskyting

I dag leverer dei presenningar til bedrifter i Norge, Sør-Afrika og Asia. Mange av kundane er innan oppdrett. Med støtte av Norad har no Plany sett på mulegheitene for å etablere ei bedrift i Kenya, eit land som har mellom 30.000 og 50.000 oppdrettsdammar.

– Vi ser på dette som knoppskyting.

Pilene peikar oppover for Afrika

Planen er at dette skal vere ei sjølvstendig bedrift som produserer for eigen marknad og ikkje ein stad der Plany outsourcar produksjonen i Haugsbygda.

Fem, seks timars køyretur utanfor for hovudstaden Nairobi og like ved hamnebyen Mombasa ligg Moi. Det er eit trafikknutepunkt for heile Aust-Afrika. Børre Waagan seier at dette området av Afrika er ein region med økonomisk stabilitet slik at det går an å ta sjansen på å etablere seg der. Regionen er også av den mest politisk stabile i Afrika.

– I tillegg peikar alle piler oppover for Afrika. Mellom anna er den økonomiske veksten større enn den EU kan vise til.Det norske hjelpemiddelapparatet er også på plass, og Waagan er optimistisk på vegner av Plany.

– Vi ønskjer sjølvsagt å vere med på å bidra positivt til veksten i Afrika, men dette er eit reint forretningsmessig samarbeid. Vi skal tene pengar.

På opplæring

Planen er at bedrifta Plany Kenya skal produsere for den afrikanske marknaden. Ein har allereie inngått ei testordre og Dixon Wakise og Viridianah Mwacharo er snart ferdige med opplæringstida i Haugsbygda.

Børre Waagan seier ein av fordelane med Kenya er at der er eit godt utdanningssystem og mykje velutdanna folk.Dixon og Viridianah er maskiningeniørar. Dixon har drive sin eigen verkstad og reparert bilar og maskinar. Viridianah har arbeid med installasjon og reparasjon av maskinar. No er dei ferdige med fem veker opplæring i Haugsbygda. Om tre veker reiser dei tilbake til Moi. Då får dei Ronny Pedersen med på lasset. Tomta er i boks, men det skal byggjast hall og tilsetjast eit par, tre personar til.

Muleg å få til

Den første testkontrakten er alt inngått og som ein viktig referanse står eit pilotanlegg klart både med alt utstyr og fisk symjande i dammen.

– Så er det berre å stå på og selje for å overleve.Dixon og Viridianah både gler og gruar seg til oppdraget, men seier Kenya har eit internasjonalt næringsliv og at det er eit godt land å gjere forretningar i.– Vi har tru på at det er muleg å få dette til.

Vil ha kontroll

Børre Waagan seier dei nok kunne inngått avtalar med kenyanske bedrifter.

– Men vi ønskjer å ha kontrollen på dette sjølve også når det gjeld arbeidsforholda for dei tilsette, ein skikkeleg arbeidsplass med pauserom og så vidare. Arbeidstida i Kenya og Norge er om lag lik, men kulturane er forskjellige.– Noko av det vi har lært her er å halde tida og ikkje kaste vekk tid, fortel Viridianah.Men lærdom går begge vegar.– Produksjonsleiaren vår fortel at det har vore berre positivt å ha Dixon og Viridianah her, og dei har tilført masse positivitet og humør, fortel Børre Waagan.