Fjordenes Tidende skriv fredag at reiarlaget Kystnotgruppen har selt sin siste båt.

Seks-sju fast tilsette står utan jobb, i tillegg til dei tre-fire som har vore ekstramannskap på båten.

Følg smp.no på Facebook

Dårlege utsikter

Bakgrunnen for salet er at eigarane blir pensjonistar, men det er også medverkande at dei meiner det er dårlege utsikter for sildefiske.

Jarl Lillesalt har eigd båten saman med Magne Kristiansen og Bernt Inge Vedvik. Og han seier til avisa at det ikkje er lett å finne kjøparar.

Han vil ikkje ut med kva pris dei fekk for båten, men eigarane er nøgde.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Til Vesterålen

Ifølgje avisa kosta båten 25 millionar kroner då han blei bygd i 2004. Seinare er båten forlenga frå 70 til 90 fot.

Det var eit reiarlag på Senja som kjøpte båten, men ifølgje Fjordenes Tidende skal dei ha selt vidare til Øksnes i Vesterålen.