- Vi vil ha like konkurransevilkår, og det er med stor undring vi ser utviklinga rundt formueskatt. Vi treng mangfald i eigarskap, og det er godt at utanlandske investorar er interesserte i Norge, men vi har ikkje like vilkår, sa Kleven og sikta til at utanlandske selskap slepp unna formueskatten.

På tide

Kleven, som er styreleiar i Norsk Industri, viste til at politikarar frå alle parti, kanskje med unntak av SV, har vore innom og utrykt forståing for næringslivet sitt syn på formueskatt.

- No er det på tide å vise dette når praktisk politikk skal utøvast, sa Kleven som også understreka at ho gjerne betaler skatt både av løn og utbytte. Ho betaler også gjerne bompengar.

Men formueskatten tærer på.

- 6,5 millionar kroner gjer ein forskjell. Det tilsvarer seks sveiserobotar, som er viktig for å skape produktivitet. Og vi har ikkje andre plassar å ta pengane frå, sa Kleven.

Kleven kom også inn på at dei gode åra for verftsindustrien nok har vore eit unntak. For bransjen er det eit gledeleg godt teikn at det kjem mange utanlandske kundar, noko som skuldast kvalitet og til dels også kronekurs.

Statssekretær

Dilek Ayhan, statssekretær Nærings- og fiskeridepartementet, deltek også på konferansen. I innlegget sitt var ho oppteken av å få fram at regjeringa har gjort mykje for å sikre gode rammevilkår for norsk næringsliv.

- Vi har fjerna arveavgifta, som ein veit har tynga mange. Formueskatten er viktige grep vi har gjort, og vi er i dialog med våre venner om dette, sa Ayhan.

Ho vedgjekk at det er billigare å drive bedrift i Norge viss du kjem frå utlandet.

- Dette er en konkurranseulempe og det treng vi verkeleg ikkje, sa statssekretæren.

Nær 500

Maritim bransjeforening i Norsk Industri er arrangør av konferansen som samlar heile 470 deltakarar.

Dei fleste deltakarane kjem frå industrien, men også reiarar, finansinstitusjonar, studentar og folk frå utdanningssystemet er representert.