Måndag kunne Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) slå fast at det har blitt sunnare å ete oppdrettsfisk. Fisken får meir plantefôr, det betyr mindre miljøgifter.

Du kan ete eitt kilo oppdrettsfisk i veka utan risiko, konkluderer VKM i rapporten. Dette er meir enn ei dobling frå det førre rådet, som kom i 2006.

Og den gamle anbefalinga til gravide om å avgrense inntaket av oppdrettsfisk gjeld ikkje lenger.

– Det er mykje godt nytt for fiskeetarar i denne rapporten, seier administrerande direktør Harald Gjein i Mattilsynet til NTB.

Letta

Ingen av fiskebutikkane Sunnmørsposten har snakka med merkar meir sal. Både på Fisketorget i Ålesund og hos Neptun Fisk på Moa er salet som før.

Men hos storprodusenten Marine Harvest er dei letta og glade.

– Det er gledeleg at dette blir stadfesta frå offentleg hald, det vi har sagt i fleire år, seier kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland.

– Dette stadfester det vi har visst lenge og sagt lenge. Vi har kontinuerleg overvaking av eigen fisk, og det er inga overrasking, men det er ei glede å få det stadfesta, seier Hjetland.

– Fagleg tyngde bak denne type informasjon er viktig, legg Hjetland til.

Utlandet

Marine Harvest har det aller meste av sin marknad i utlandet, og ventar ikkje meir sal med det første. Men saman med Norges Sjømatråd vil oppdrettsnæringa neste år sørgje for at også kundar utanfor Norges grenser får med seg denne rapporten.

– Kunnskapen om mattryggleik varierer, og i nokre marknader må vi jobbe meir for å få igjennom fakta til kundane, seier Hjetland.

Sunnare enn kosttilskot

At laksen får meir plantefôr enn før betyr også at mengda av næringsstoff er lågare enn før. Men oppdrettsfisk er framleis sunt.

– Innhaldet av omega 3-feittsyrer i oppdrettsfisk er halvert sidan år 2000 fordi oppdrettsfôret no inneheld 70 prosent plantestoff, seier Janneche Utne Skåre, som har leia arbeidet med rapporten.

Komiteen slår fast at du får større helsegevinst av å ete fisk enn ved å kjøpe og innta dyre kosttilskot med fiskeolje.

Ekspertane viser til at det er godt dokumentert at fisk beskyttar mot hjarte- og karsjukdom. Fisk bidreg også positivt til utviklinga av nervesystemet hos foster og spedbarn.

VKM finn også indikasjonar på at inntak av fisk er gunstig for diabetes 2 og overvekt, men dette er ikkje dokumentert godt nok til å konkludere.

Oppdrettslaks er ein viktig del av utvalet på Fisketorget i Ålesund, men dei har ikkje merka meir sal etter at rapporten om mattryggleik vart lagt fram måndag. Arkiv. Foto: Per Ove Stige