Bedrifta har inngått avtale om levering filetfabrikken til den nye fabrikktrålaren «Ramoen», som skal leverast sommaren 2016 frå det spanske verftet Astilleros Armon Gijon til rederiet Ramoen AS.

Rolls Royce Design har stått for prosjektering av den nye filétrålaren.

40 millionar kroner

Ordren har ein verdi på i overkant av 40 millionar kronar og inkluderer komplett utrustning og montering. Fabrikken vert den mest moderne i sitt slag og vil ha prosessliner hovudsakleg for filetproduksjon, men også for sløygd/hovudkappa fisk.

Det er lagt stor vekt på eit godt og sikkert arbeidsmiljø med høg kvalitet og stor variasjon på filetprodukta, mellom anna ved installasjon av ny utvikla utstyr for  produksjon av beinfrie filetar.

Leverer til fiskeri

Bjørdal Industrier AS er lokalisert i Hovdebygda i Ørsta og har ca. 40 fast tilsette.

Bedrifta vart etablert i 1907 som bygdesmie. I dag er produksjonen basert på leveranser til

Fiskeindustrien og fiskeflåten, samt stålbygg.

Sikrar sysselsetting

Denne ordren, saman  med den gode ordretilgangen dei siste månadane, sikrer Bjørdal Industrier AS god sysselsetting i 2015.

Bjørdal Industrier AS leverte også fabrikken til noverande «Ramoen» i 2006, og dei er synes det er svært gledelig at rederi gir dei fornya tillit, heiter det i ei pressemelding frå Bjørdal Industrier.