Det er Ulmatec og Hareid Group som står bak det nye anlegget på Hareid. 160.000 kubikk er fylt i sjøen siste åra, og fyllinga for servicebasen er på 42.000 kvadratmeter.

- Vi har laga ganske mykje nytt land. No har vi eit anlegg som er klart til å ta imot kundar, seier Håvard Myrane, som er ansvarleg for forretningsutvikling i Ulmatec.

Nær oljefelt og oljebasar

Frå 1. januar kom ISPS-sertifisering på plass, for å kunne ta inn båtar som siglar i internasjonalt farvatn. Og Hareid Service Base kan ta imot alle typar fartøy.

– Vi ligg strategisk til i seglingsleia mellom Fjordbase i Florø og Vestbase i Kristiansund. Vi ligg også nær relativt store og viktige olje- og gassfelt, seier Myrane, som har tru på at det er gode sjansar for å få fleire fartøy inn til Hareid for å nytte tenestene dei tilbyr.

Han trekkjer også fram at basen ligg midt i den maritime klyngja på Nordvestlandet.

Ulmatec og Hareid Group sine eigne bedrifter vil yte tenester til fartøya som kjem inn til basen, men dei har også samarbeidande bedrifter i regionen, samt nasjonalt og internasjonalt.

Eksempel på tenester dei tilbyr er plass til lagring av utstyr, diverse elektriske tenester, automasjon, verkstadtenester, men også handtering av avfall og reingjering av tankar.

300 millionar

På pressekonferansen fredag kom det fram at Ulmatec og Hareid Group totalt investerer mellom 200 og 300 millionar kroner i området, inkludert nybygget som Hareid Group er i ferd med å setje opp.

Dei ønskjer også å utvide basen vidare, med fleire hallar og endå meir kaiplass og anna areal.

Sjølv om det er nedgang i oljenæringa for tida, er dei optimistar.

- Arbeidet her starta då finanskrisa var som verst. Vi har framleis god tru på framtida, seier Myrane.

Dei er likevel spent på korleis tilbodet vil slå an.

- Det er først no vi går ut og marknadsfører oss, når godkjenning og alle formalitetar er på plass, seier Dagfinn Vattøy, som er ansvarleg for servicen i Ulmatec og kaiområdet.

Nybygg

Servicebasen ligg i eit område med allereie stor næringsaktivitet. Ulmatec har pussa opp og bygd ut eit eldre forretningsbygg. Hareid Group har også eit bygg der, men dei er dessutan i ferd med å reise eit nytt administrasjonsbygg på staden, til 110 millionar kroner.

Bygget blir på nær 7000 kvadratmeter. Sporstøl Arkitekter har teikna bygget, som skal gi assosiasjonar til det maritime, men også naturen rundt - spesielt Masdalskloven som er lett synleg på andre sida av fjorden.

Spesielt blir det også at bygget får 1700 kvadratmeter med solcellepanel på taket.