Fjernvarmeanlegget som er i ferd med å kome på plass i Ulsteinvik, skal bli meir miljøvennleg og effektivt enn det ville blitt med tradisjonelle løysingar. To selskap frå Nordfjord er i gang med å pønske ut lokalt tilpassa opplegg.

– Vi prøver å finne betre løysingar enn det som er standard, seier Stephan ter Stege, dagleg leiar i ReNorway på Nordfjordeid, som nyleg signerte ein forskings- og utviklingsavtale med Ulstein fjernvarme AS.

15 millionar

Sentralt i utviklingsarbeidet står Øen kuldeteknikk i Hornindal, som torsdag signerte ein avtale med ReNorway, verd 15 millionar kroner.

– Vi har jobba mykje med varmepumper, og vi har utvikla mykje, men å drive eit reint utviklingsprosjekt har vi ikkje gjort før, seier Frank Øen, teknisk leiar i Øen kuldeteknikk.

I Ulsteinvik vil dei blant anna sjå om dei greier å utvikle varmepumper som i mindre grad påverkar global oppvarming. Der er tadisjonelle gassar svært miljøskadelege, dersom det blir lekkasjar og utslepp.

Innovasjon Norge

Forskings- og utviklingsprosjektet har fått om lag to millionar kroner i støtte frå Innovasjon Norge og Skattefunn. Det er også eit mål at samarbeidet skal utvikle bedriftene og skape arbeidsplassar i regionen.

På Nordfjordeid har dei hatt fjordvarme i ti år. Der er rundt 60 prosent fornybar. I Ulsteinvik ønskjer ein å finne ut om det går an å få 100 prosent fornybar energi.

– Ulstein fjernvarme har ikkje valt standardisert produkt, men vel heller kvalitet og utvikling for å få anlegget så bra som muleg. Vår oppgåve er å få fram og designe løysingar som er betre enn det ein finn på marknaden. Dermed vil prosentdelen fornybar energi gå opp, seier Frank Øen.

På sikt er målet at ein også kan kombinere fjordenergi med sol, vind og andre system.Ulstein kommune eig 100 prosent av Ulstein fjernvarme AS. Utbygginga kjem på om lag 80 millionar kroner.

– Utbygginga er forankra i kommunen sin klimaplan. Politikarane har tenkt innovativt, og kanskje kan ein også tene pengar på det etter kvart, seier Øyvind Amdam som er dagleg leiar i Ulstein fjernvarme.

Kommunen har bygd ut infrastruktur med røyr samtidig med bygging av miljøgata og ny veg oppover til idrettsområdet.

Drift i mai

Planen er å setje anlegget i drift i mai. Og Ulstein fjernvarme skal då selje energi til kommunale bygg og næringsbygg i første omgang.

– Vi begynner å tene pengar når første sentralen kjem i drift, men vi treng eit visst volum, seier Amdam.Erfaring viser at det tek tid, men anlegget på Nordfjordeid går i pluss, kvart år, ifølgje Stephan ter Stege.

Forskingsprosjektet omfattar tre sentralar, som spenner frå 200 kilowatt til 1600 kilowatt. Kundane vil få varme frå sentralane, men det blir også råd å få kjøling gjennom ventilasjon.Prosjektet skal resultere i bra løysingar som Ulstein kommune skal bruke i dei andre sentralane som etter kvart skal byggjast ut.

– Men så skal Ulstein vise at det er eit bra eksempel for andre og bevise at det er verd å satse på fornybar energi, seier Stephan ter Stege og håpar dette kan påverke andre kommunar.

Frank Øen er glad for tilliten selskapet med sju tilsette har fått i arbeidet med å utvikle gode løysingar i Ulsteinvik.

– Så håpar eg at Ulstein fjernvarme sit igjen med eit anlegg dei er fornøgd og stolt av. Vi vil utvikle vår kompetanse og det vil vere eit konkurransefortrinn for oss i framtida, seier Øen.