Fredag vert Tussa Datasenter offisielt innvigd, med mellom andre fylkesordførar Jon Aasen til stades for å kaste glans over satsinga.

Planane om utvida datasatsing har vore på trappene i fem-seks år, men det er berre halvtanna år sidan det vart styrevedtak for kjempesatsinga Tussa Datasenter.

No står det der, fiks ferdig og klar for datalagring for bedrifter og privatpersonar frå nær og fjern. Senteret har ein kostnad på 33 millionar kroner, med supermoderne energiutnytting som bonus.

– No var lagrigskapasiteten sprengd og vi stod ved eit vegskilje: Vidare utbygging eller å hamne i bakleksa. Vi valde ei offensiv satsing, og no er alt klart fortel administrerande direktør Ivar Driveklepp i Tussa IKT.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no