Til møtet i regional- og næringsutvalet tysdag foreslår fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik og regional- og næringssjef Bergljot Landstad at ordninga med pengar til avklaring av forretningsidear vert vidareført med ei total ramme på 3,5 millionar kroner.

Dei foreslår vidare at 500.000 kroner av summen skal gå til etablerarar innan kreative næringar.

Fleire nyetableringar

I fylkesplanen er det eit mål at Møre og Romsdal skal ha fleire nyetableringar med større overlevingsgrad, særleg innan kompetanseintensiv tenesteyting og kreative næringar.

Det viktigaste verktøyet for å nå dette målet, er hoppid.no – satsinga på entreprenørskap som fylkeskommunen driv saman med Innovasjon Norge, fylkesmannen og kommunane.

Liv laga?

Det er her snakk om å få til ei avklaring av forretningsidear i ein tidleg fase, slik at ein får eit godt vurderingsgrunnlag for vidare satsing.

161 etablerarar fekk løyving til å gjere ei avklaring i 2014. Tilskotet er avgrensa til 30.000 kroner for kvar forretningside.

Det vart i 2015 gjennomført ei spørjeundersøking om nytteverdien hjå etablerarar som fekk støtte i 2013.

God nytte

Det kom svar frå ein tredjedel av støttemottakarane. Om lag 80 prosent av dei som svara, har etablert og driv framleis bedrifta i 2015. Over halvparten meiner pengane dei fekk til å gjere ei avklaring, i stor eller liten grad hadde ein effekt i forhold til vidare satsing.

Berre 15 prosent svara av pengane i liten grad hadde ein effekt i forhold til vidare satsing.

Flest i tidleg fase

Undersøkinga viser at dei fleste etablerarar nyttar pengane i tidleg fase til problemstillingar kring organisering, marknadspotensiale, lønsemd og avklaringar for å stå betre rusta for overleving og vidare vekst.

Avklaringspengane frå hoppid.no fyller eit behov som ikkje andre støtteordningar dekkjer. Vidare viser undersøkinga at dei fleste etablerarar nyttar tilbodet dei får gjennom hoppid.no til rettleiing, kurs og kopling mot kompetansemiljø i nettverket til hoppid.no – det vil seie næringshagar, kunnskapsparkar og Innovasjon Norge.

Fleire som fekk støtte i 2013 har seinare fått støtte av både kommunal næringsfond og Innovasjon Norge. I undersøkinga svarar over 90 prosent av dei som har fått støtte at dei er nøgde med utviklinga av bedrifta.

Har effekt

Dette meiner fylkesrådmannen og regional- og næringssjefen viser at pengane som vert løyd har ein effekt i tidleg fase. Med reduksjon i kommunale næringsfond er dette viktige tiltak for å nå målet om fleire og betre nyetableringar med høgare overlevingsgrad i Møre og Romsdal.