38 småkraftverk i Møre og Romsdal har fått konsesjon der utbyggjarane sit på gjerdet. I Sogn og Fjordane er det 71 småkraftverk som kunne vore utbygd.

Ferdig utbygd kunne desse vassdraga i Møre og Romsdal produsert nesten 830 gigawatt-timar i året, ifølgje ei oversikt frå Småkraftforeininga.

Les også: Mener småkraftverk bør tilby ladestasjoner for elbiler

For å få fart på utbygginga, ber Småkraftforeininga om same rammevilkår som det vindkraft har fått. Betre vilkår for avskrivingar av anlegga er eitt av tiltaka dei ber om.

Her kan du sjå kart hos NVE (kryss av for vannkraft, og under det på vannkraft igjen. Blå firkant utan kryss: har fått konsesjon men har ikkje starta utbygging. Lilla firkant: har starta utbygging. Svart firkant: Utbygt.)

Vasskraft er meir effektivt enn vindkraft, meiner dagleg leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeininga.

– Investeringskostnaden er vanlegvis lågare for vasskraft enn for vindkraft, seier Tveit til Smp.no.

145.000 husstandar

I heile landet går fornybar kraftproduksjon nok til 145.000 husstandar tapt fordi norske småkraftutbyggjarar ikkje tør å byggje. Dette tilsvararar ei årleg verdiskaping på 1,15 milliardar kroner, ifølgje Småkraftforeininga.

17.-19. mars inviterer dei til Småkraftdagane i Ålesund. To av forkjemparane for grøne sertifikat, stortingsrepresentantane Oskar Grimstad frå Frp og Bjørn Lødemel frå Høyre, kjem begge til konferansen.