Reklamemannen Ragnar Hatlø lanserer fredag eit nytt design- og kommunikasjonsbyrå med seg sjøl i sjefsstolen. Hatlø har dei siste åra jobba i Fantastiske Osberget i Ulsteinvik, men satsar no altså på eigne bein.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Byrået heiter Frequency Yard - og vil som namnet tilseier, samarbeide med reklamebyrået Frequency i Måløy leia av Geir Arne Solheim. Saman med lokale medeigarar, har Hatlø difor ein organisasjon på åtte personar i ryggen. Lokalt i Ulsteinvik er det førebels ein tilsett.

– Vi tilbyr tenester med solid fagleg tyngde til små og store kundar, fortel Hatlø.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Sjølv har han brei erfaring innan film, 3D, «virtuell reality», samt design- og konseptutvikling.

– Kundane i regionen vil oppleve ein lokal aktør som gjennom høg grad av kreativ kompetanse og evne til gjennomføring, tilbyr ei nyskapande og spennande porotefølje, heiter det i eit presseskriv frå byrået.