Det melder Nett.no fredag ettermiddag.

– Marknaden er tøff og vi har sett i gang ein prosess for å sjå korleis vi kan betre lønsemda og verte meir konkurransedyktige, seier kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim til nettavisa.

Ho kan ikkje seie kor mange som skal vekk, men alle tilsette over 62 år har vore inne til samtale om situasjonen. Solheim legg til at dei har store ambisjonar for framtida, men må tilpasse organisasjonen til dei nye utfordringane.

Solheim fortel at leiinga no er i dialog med organisasjonane for detaljar om nedbemanningsprosessen. Sunnmørsposten omtalde den planlagde prosessen i januar, etter verftet sin siste kontrakt vart kjend.

Les meir: Mot tøffare tider for Ulstein verft

Totalt var det ved siste årsskifte 843 tilsette i Ulstein-konsernet. Ved Ulstein Verft er det vel 400 tilsette.

– Vi blir færre tilsette når prosessen er over, seier Solheim.