Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane bad fredag om at intensjonsavtalen mellom reiarlaga Fjord1 og Norled vart oppheva, melder NRK Sogn og Fjordane.

I vedtaket bad politikarane samstundes om at ein fusjon med Norled vert del av prosessen som fylket har gåande om kva dei skal gjere med sin eigarandel i Fjord1.

Les meir: Vurderer samanslåing av reiarlag

Fylkeskommunen eig 59 prosent av Fjord1, medan Havila eig 41 prosent av selskapet med knappe 1300 tilsette.

– Eg vil streka under at det er positivt at Fjord1 og Norled vil utvikla selskap vidare. Men fylkeskommunen har sett i gang eit omfattande arbeid rundt eigarposten i Fjord1 – som kan enda opp med alt frå at me held fram som no, til å kunna sjå på moglege samarbeid med andre selskap, til å selja seg delvis eller heilt ut av Fjord1, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) til kanalen.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Ho seier fylkesutvalet såg det som viktig at alle aktørar kunne vere med vidare på likt grunnlag. Kjelsnes forventar no at styret opphever avtalen.

Styreleiar Reidar Sandal i Fjord1 seier til NRK at han er overraska over avgjerda, og avviser påstanden om at styret har forsøkt å kuppe den pågåande prosessen til fylket.