Bustyrar Erling Flisnes stiller spørsmål ved om Kvalsvik Produksjon burde ha avvikla noko tidlegare. Det kom fram under rettsmøtet i Sunnmøre tingrett måndag ettermiddag.

Sjølv om Flisnes meiner det er fleire formildande omstendigheiter, meiner bustyraren at det bør etterforskast nærare om det er ligg føre brot på plikta til å melde oppbod i tide.

Summen av uteståande fordringar er 12,2 millionar kroner. I tillegg kjem lønskrav på i alt 15,1 millionar. Hittil er lønsgaranti på 1,5 millionar kroner tilkjent.

Kvalsvik Produksjon omsette for rundt 26 millionar kroner i året. Produksjonslokalet var i eit kommunalt bygg på Dombås, medan hovudkontoret var på Hareid og salsavdelinga i Ulsteinvik.

Ikkje konkurskarantene

Flisnes foreslår ikkje konkurskarantene for Geir Kvalsvik. Kvalsvik var også i 2009 involvert i ein konkurs, men då av beskjedent omfang etter det bustyraren kan vurdere.

«Etter en samlet vurdering er jeg under tvil kommet til at jeg ikke vil foreslå konkkurskarantene for Geir Kvalsvik», skriv advokat Flisnes i si beretning til retten.

– Kvalsvik har stilt opp på ein framifrå måte under avviklinga av selskapet, det er ingenting å utsetje på måten Kvalsvik har stilt opp, sa Flisnes under rettsmøtet.

Rettens formann, Silje Bruun Teigen, seier at buet blir innstilt i dag utan noko ytterlegare vedtak.

Les også: Rett før påske var produksjonen i gang igjen på Hareid

Optimisme

Dei to som har mest uteståande er Sparebanken Møre med 4,4 millionar kroner, og Dovre kommune med 2,2 millionar kroner.

Sparebanken Møre gav Kvalsvik Kjøkken eit nytt lån på ein million kroner så seint om september 2014. I tillegg tilførte Geir Kvalsvik sjølv 500.000 kroner i kapital. Han har også hatt ein relativt tett dialog med Dovre kommune i lengre tid.

«Samtidig gir en gjennomgang av selskapets styreprotokoll grunnlag for en viss optimisme når det gjaldt fremtidig drift i selskapet.» skriv Flisnes.

– Vi permitterte også to tilsette i produksjonen og auka med ein stilling på sal, i tillegg til at vi la ned utstillinga vår i Skien, seier Geir Kvalsvik.

– Ordrereserven forsvann

Ifølgje Geir Kvalsvik hadde selskapet ein ordrereserve på rundt tre millionar kroner ved årsskiftet, men han seier at uro rundt selskapet gjorde at dei aller fleste ordrane vart kansellert, og han påstår at dette var medverkande til konkursen.

Å la vere å begjære opning av konkurs er straffri «dersom skyldneren har opptredt i forståelse med fordringshavere som representerer en vesentlig del av fordringsmassen med hensyn til både beløp og antall», går det fram av advokat Flisnes si beretning for Sunnmøre tingrett.

Det er altså dette spørsmålet bustyraren meiner politiet bør undersøke nærare.

Takk og farvel

Rett før konkursen i februar endra Kvalsvik namn på selskapet til Takk og farvel.

– Det var ei helsing til enkelte aviser i Gudbrandsdalen som har skrive svært mykje negativt om oss. Det var også ei helsing til enkelte politikarar i Dovre som drog oss inn i ein politisk kamp, seier Geir Kvalsvik.