Geir Kvalsvik. Foto: Vidar Heitkøtter, GD

– Rett etter påske er vi i gang for fullt med åtte-ti tilsette, seier eigar og dagleg leiar Geir Kvalsvik til Smp.no.

Hittil har han fått det han kallar naudhjelp, tillegg til at han har stått i produksjonen sjølv.

– Vi sende dei tre første kjøkkena i helga, til Skien, seier Geir Kvalsvik.

Morselskapet

Kvalsvik Produksjon slo seg konkurs i februar. Det er Kvalsvik Holding, eigaren av merkevara Kvalsvikkjøkken, som no står for produksjon og sal.

Kvalsvik disponerte eit produksjonslokale på rundt 4.000 kvadratmeter på Dombås. Etter konkursen kjøpte Kvalsvik Holding opp delar av aktiva i konkursbuet. Produksjonsutstyr og varelager er frakta til Hareid, der produksjon er i gang i lokala til Røyset Industri mellom Hareid og Brandal.

Ordrereserve

Geir Kvalsvik fortel at selskapet hadde ein ordrereserve på tre millionar kroner ved nyttår. Ifølgje Kvalsvik forsvann det meste av ordrereserven like over nyttår på grunn av uro i selskapet, og han påstår at dette var medverkande til konkursen.

– Korleis har det seg at de no har ordrar igjen?

– Vi har ein no ordrereserve på godt over to millionar kroner. Fleire av forhandlarane forstår at vi no er i gang igjen, seier Geir Kvalsvik.

Les også: Måndag ettermiddag var konkursen i Kvalsvik Produksjon oppe i Sunnmøre tingrett