Marin Teknikk i Herøy torsdag har fått ein ny, stor kontrakt på eit stort dykkar- og konstruksjonsskip, samt opsjon på to nye skip.

- Vi er svært glade for å signere denne kontrakten, seier salsdirektør Richard Gjerde som nyleg kom heim frå Hong Kong med kontrakten i boks.

Første kontrakt i år

Skipet vil bli bygd i Kina. Det er Ultra Deep Charter i Singapore som har bestilt skipa, og dei har signert ordren med China Merchants Heavy Industries for bygging av skipa.

Dette er første kontrakten for Marin Teknikk i år.

- For eitt år sidan kom slike kontraktar ein gong i månaden. No er dei sjeldan, så vi blir veldig glade når vi får til noko i 2015 på ein slik båt, seier Svein-Rune Gjerde, administrerande direktør i selskapet.

Og han legg til:

- Vi merkar godt nedgangen i marknaden. I heile fjor signerte vi elleve kontraktar. No er vi komne til slutten av april snart, og dette er første kontrakten så langt i år.

Lokale ringverknader

Det nye dykkar- og konstruksjonsskipet skal altså byggjast i Kina, men vil få norsk utstyr for 300 til 400 millionar. Både Rolls Royce, Brunvoll og Kongsberg ligg godt an for å få levere utstyr.

Marin Teknikk vil ikkje gå ut med kor stor verdi kontrakten har for dei. Summen er heller ikkje klar enno, sidan det vil vere avhengig av kor mykje tenester kjøpar vil ha.

Nyutvikla

Det nye skipet får eit nyutvikla design, som skal utrustast med eit 18-manns dykkarsystem, for operasjonar heilt ned til 300 meter djupn.

- Vi har mange dykkarskip i portefølgjen, men no har vi utvikla eit heilt nytt skrog og vi har tenkt på mange detaljar. Dette er eit optimalisert og kostnadseffektivt dykkarskip, seier Richard Gjerde.

3000 meter havdjupn

Skipet er utvikla for krevjande operasjonar over heile verda. Det blir 111,6 meter langt og 23 meter breitt. Det vil bli innreidd med høg standard for 120 personar.

Skipet skal ha to kranar. Ei av dei vil få kapasitet ned til 3000 meter havdjupn og den andre ned til 300 meter. Det blir også utstyrt med ubemanna og fjerstyrte miniubåtar/robotar for operasjonar ned til 3000 meter.

Planlagd levering er i midten av 2017. Marin Teknikk har også god tru på at opsjonane blir realisert, slik at skip nummer to skal leverast i slutten av 2017 og det siste midt i 2018.