Det største seismikkfartøyet Myklebust Verft har levert blei torsdag døypt i Gursken. Verdien då kontrakta blei signert var 700 millionar kroner.

Fartøyet får isklasse ICE 1A, noko som gir godt grunnlag for operasjon i arktiske område, står det i ei pressemelding.

For øvrig er skipet av typen ST 324 XT.

– Kompetanse på is har vore GC Rieber Shippings varemerke sidan starten. For å kunne tilby kundar løysingar for krevjande operasjoner i sårbare farvatn, er kvalitet, sikkerheit og miljø noko vi tek på høgste alvor, sa Irene Waage Basili, administrerende direktør i GC Rieber Shipping då kontrakten blei inngått, ifølgje pressemeldinga.

Skipet har ein lugarkapasitet til 70 personar, og noko av utstyret om bord er produsert lokalt. Det har ein lengde på 112,6 meter.

Polar Empress Foto: ERLEND VIKENE
Foto: ERLEND VIKENE
Frå venstre: Sissel Bagge, Erik Hokholt, Gerhard Bagge, Thor Egil Pedersen, gudmor Liv Hokholt, Ståle Rasmussen, (skjult bak Rasmussen: Asmund Fredheim), Roar Hamre, Vidar Hansen, Kjersti Kleven, Irene Waage Basili, Paul-Christian Rieber. Foto: KLEVEN