Norsk Industri og Siemens har sidan januar jakta på verksemder som over tid har vist styrka produktivitet og konkurransekraft gjennom innovasjon og smart teknologibruk.

Totalt deltok 58 bedrifter i konkurransen om å bli ”Norges smarteste industribedrift”. No står tre igjen: Kleven, med skipsverft i Ulstein og Sande, Glava i Stjørdal og Hexagon Ragaco på Raufoss.

Statsministeren

Ein fagjury har plukka ut dei tre finalistane som alle får delta på Industrikonferansen 5. mai. Under konferansen blir vinnarbedrifta kåra, og prisen blir delt ut av statsminister Erna Solberg.

- I år har vi rekorddeltaking med 58 påmelde bedrifter. Felles for finalistane er at dei gjennom høg grad av innovasjon og smart teknologibruk heile tida strekker seg lenger. Her er det mykje å lære, seier Håkon Rem, divisjonsdirektør i Siemens, i ei pressemelding.

Produktivitet står høgt på den politiske dagsorden. Den regjeringsoppnemnde Produktivitetskommisjonen peiker på årsaker til at norsk produktivitetsvekst sakkar akterut. Siemens og Norsk Industri meiner det er mykje å lære av dei beste. Formålet med konkurransen er å vise fram dei gode eksempla på bedrifter som lykkast.

- Desse viser at det går an å konkurrere i ein globalt marknad, men likevel produsere i Norge. Dette bør vere til stor inspirasjon for andre, seier Stein Lier-Hansen, administrerende direktør i Norsk Industri.

Glasull og propan

Kleven konkurrerer med bedrifter i heilt andre bransjar. Glava i Stjørdal er den største totalleverandøren av isolasjon i Norge og hovedproduktet er glasull.

Hexagon Ragasco, som held til på Raufoss, produserer propanbeholdarar i kompositt.