Det er verftet Fitjar Mekaniske Verksted på Stord som skal bygge båten, for Bakke-rederiet på Austevoll. Og det er Lerøy Seafood som skal leige båten. Dei vert også medeigar i båten.

Båten får namnet «Seihav» , og kostar 300 mill. norske kroner. Lastekapasitet vert 3900 kubikk.

Brønnbåten får heil- elektrisk framdrift frå STADT, og hovedpropellen skal yte tett på 3000 kW og vert forsynt med energi frå tre dieselgeneratorar.

Nok eit segment

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Hallvard Slettevoll i STADT er svært glad for denne ordren, som vert nok eit interessant segment for selskapet i Gjerdsvika. Førre veke kom nyheiten om at selskapet har kome seg inn i yacht-marknaden.

- Det er gledeleg å sjå at ein del av STADT leveransane no hamnar på norske verft. Tyngda av leveransane har i det siste gått til eksport, seier Slettevoll i ei pressemelding.

Selskapet fekk for ei veke sidan ein pris i London under den årlege Marine Propulsion konferanse – i klassa for elektrisk system.

Illustrasjon av «MS Seihav». Foto: STADT