I fjor hadde konsernet ei omsetning på 2,7 milliardar kroner og eit driftsresultat på 184 millionar kroner i 2014. Året før var driftsresultatet på 317,8 millionar kroner.

Tenkje framover

- Det er alltid godt å leggje bak seg gode år, men no må vi tenkje framover, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i samband med at Ulstein Group legg fram årsrekneskapen for 2014.

Over alt i den maritime næringa ser ein no permitteringar og oppseiingar.

Les også: Mot tøffare tider for Ulstein Verft

- Denne næringa er syklisk. Vi har hatt gode tider heilt frå 2004 til no, og vi opplevde nesten ikkje finanskrisa. Nedgangen måtte kome. No går vi tøffare tider i møte, marknaden har falle og det vil bli stilt store krav til omstilling og endringsvilje. Men vi er opptekne av å sjå på muligheitene, sier Gunvor Ulstein til smp.no.

- På kva måte skal Ulstein Group omstille seg?

Meir innovasjon

- Vi kjem til å ha sterk fokus på prosjektleiing og auka produktivitet, samtidig som vi må tilpasse oss eit konkurransedyktig kostnadsnivå. Vidare vil vi halde fram med å satse på innovasjon innanfor konsernet sine produkt- og tenesteporteføljer, seier Ulstein, som er oppteken av å finne gode og framtidsretta løysingar som både er kostnadseffektive for oljeselskapa og for Ulstein Group.

- Kan det bli snakk om oppseiingar?

- Vi er opptekne av å få til ei felles forståing for den situasjonen vi er inne i. Det kan bli permitteringar og oppseiingar, men vi har ein god dialog mellom leiing og dei tillitsvalde om dette, seier Gunvor Ulstein, som ikkje no vil gå inn på kva for avdelingar som kan bli råka.

- Vi skal vere her i generasjonar, seier Ulstein som ser muligheiter å auka behov for energi og i nye områder i havrommet. Det gjeld berre å omstille seg.

35 skip under bygging

Ifølgje ei pressemelding frå selskapet var marknaden for design- og utstyrspakkar god i 2014, og Ulstein inngjekk kontraktar på bygging av designa sine ved fleire verft rundt om i verda, og ved eige verft i Norge. Ved utgangen av året hadde Ulstein Design & Solutions ei ordrebok på leveransar til 35 skip, fem vert bygde ved Ulstein Verft.

Avanserte byggjeprosjekt

Ulstein Verft leverte mellom anna to prestisjeprosjekt i 2014. Konstruksjonsfartøyet Polar Onyx vart levert i januar og Island Performer i juli. Begge fartøya er klassifiserte som neste generasjons konstruksjons-/subseafartøy, med ei rekkje sikrare, smartare og grønare løysingar.

-Høg kompetanse, lang erfaring og god prosjektstyring gjer det mogleg å levere skip av denne typen til rett tid, til avtalt kvalitet og pris, seier Ulstein.

Fornybar energi

Visekonsernsjef Tore Ulstein er oppteken av fornybar energi.

- Berekraftig vekst ligg til grunn for utviklinga vidare i Ulstein. Vi har tidlegare også utvikla og levert skipsdesign innanfor fornybar energi. Vi ser fram til å ta nye steg, kome med nye innovasjonar og bli ein endå viktigare aktør innan dette området, heiter det i pressemeldinga.

Gunvor Ulstein er nøgd med rekneskapstala frå i fjor, men no må Ulstein Group omstille.