– Med tilførsel av ny kapital og eigarar med betydeleg industriell og finansiell kompetanse, er selskapet no rigga for å kunne realisere ein betydeleg vekst dei komande åra, seier administrerande direktør Jarle Støylen i Brimer AS i ei pressemelding.

Dei nye eigarane har saman med eksisterande aksjonærar og leiing lagt plan for vekst og utvikling, både i eksisterande marknad og på nye område.