Innovative skipsdesign er hovudkriteria for å få denne utmerkinga. Vindskip™ utvikla av Lade As i Ålesund var nominert i same klasse.

– Innovasjon er kjernen av det vi gjer, og vi er svært takksame for å få ei slik påskjøning, kommenterer konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group i ei pressemelding.

Lansering

Prisen vart tildelt same dag som Ulstein lanserte sin nyutvikla X-Stern Extender (sjå video).

– Offshoreindustrien opplever no ei nedgangstid, og olje og gass vil ein gong ta slutt. Vi veit ikkje kva vi kjem til å leve av 50 år fram i tida, men vi veit at vi kjem til å levere smarte og berekraftige løysingar for framtida, seier Gunvor Ulstein.

X-Bow i begge endar

X-Stern er inspirert av X-Bow, som kom for 10 år sidan, og som i fjor kom på dei nye 100-lappane.

Tore Ulstein, visekonsernsjef og leiar for områda marknad og innovasjon, held fram:

– Innovasjon er å tenke utanfor boksen, og å utfordre aksepterte idear. Då vi lanserte X-Bow for ti år sidan, var det mange som kommenterte at baugen hadde ein uvanleg utsjånad, og mange tvilte på dei forbetra sjøeigenskapane. 100 X-Bow-ar seinare har skepsisen snudd til aksept, og fleire andre skipsdesignarar har utvikla sine eigne baugdesign, seier han.

Slik presenterer Ulstein X-Stern (selskapets eiga nettside)

Reduserer rørslene

X-Stern er ein innovasjon som er vidareutvikla frå tankegangen som forma X-Bow. Denne hekkløysinga oppfører seg mykje som ein X-Bow, ved å beskytte arbeidsdekket, redusere rørslene i transitt og auke komforten om bord. Hekken har mindre volum, og er dermed mindre utsett for vind, enn baugen, så kapteinen vil gjerne kome til å plassere hekken mot vêret når skipet har nådd destinasjonen.