I ap­ril/mai fekk 15 Ulstein-til­set­te oppseiing. No har 15 tilsette i til­legg fått beskjed om det same. Blant dei er sju til­set­te ved Ul­stein Power & Control i Ålesund.

– Det er ge­ne­relt sett ein vel­dig tøff mark­nad, med ned­gang i ak­ti­vi­tet og fær­re ordrar. Det­te er ein uhel­dig kon­se­kvens av mark­na­den dessverre, sei­er kom­mu­ni­ka­sjons­sjef Lene Trude Solheim i Ul­stein Group.

– Beklageleg

Skipbyggerkon­ser­net med hovudkontor i Ul­stein­vik har rundt 800 til­set­te. Dei fles­te i Norge. Si­dan ap­ril/mai er om lag 30 til­set­te oppsagde.

– Vi er i ein pro­sess, og alt er ikkje be­stemt, men alle om­rå­de er råka, og det er beklageleg, sei­er Solheim.

Allereie i januar kunne verftsdirektør Kristian Sætre bekrefte at kutt av kostnader sto på dagsorden, og på same tid kom nyheita om at konsernet la ned ei avdeling i Vanylven.

Fleire yrkesgrupper

Fleire yr­kes­grup­per er ramma av nedskjeringane. Både Ul­stein Design & Solutions og Ul­stein verft har måtta seie opp folk.

Ul­stein Power & Control jobbar med kraft og kon­troll­sy­stem i båtar, og har avdeling både i Ulsteinvik og Ålesund. Etter oppseiingane blir det 120 tilsette igjen - og rundt 30 av dei jobbar i Ålesund.

Håpar på nye ordrar

Fleire av dei som er oppsagde har ifølgje Solheim fått seg nytt ar­beid.

Kon­ser­net jobbar med å skaf­fe nye kontraktar.

– Men det er krevjande i denne mark­na­den. Vi vil aller helst behalde alle dei vi har, men det er tøf­fe ti­der. Det er tungt å måt­te seie opp folk, sei­er Solheim.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Tenkjer langsiktig

Ul­stein Group har fo­kus på ut­vik­ling og innovasjon. Og Solheim vi­ser til at det var i før­re ned­gangs­tid dei ut­vikla X-bow.

– Vi prø­ver å gjere oss kla­re til mark­na­den kjem tilbake.