Furene AS vann anboda om fleire kontraktar med NAV for tenester med ein samla verdi på 50 millionar kroner og ei varigheit på fire år. Tenestene skal leverast til dei sju kommunane på Søre Sunnmøre; Volda, Ørsta, Sande, Ulstein, Vannylven, Hareid og Herøy.

- Eg er kjempeglad og stolt over bedrifta. Desse kontraktane har mykje å seie for bedrifta, men også for brukarane som treng slike tenester, seier dagleg leiar Hege Karete Hamre. Ho er glad for at arbeidet blir verdsett og meinar det er ei stor tillitserklæring.

- Kontraktane gir ein tryggleik og vi kan behalde dei tilsette og kanskje også tilsette nokre fleire. Det er også kjekt at arbeidet vårt blir verdsett, seier ho til smp.no.

Furene AS er ei av 100 attføringsbedrifter i Norge. Bedrifta er eigd av Handikapforbundet, Fylkeskommunen og omliggande kommunar. I 2014 hadde bedrifta 60 tilsette og ei omsetning på 54 millionar kroner.

- Bedrifta sitt fundament og hovudoppgåve er å styrke brukar si tilknyting til arbeidslivet og medfører hyppig og utbredt kontakt med tilsette, deltakarar, kundar og eit stort nettverk av interessepartar, heiter det på heimesida til bedrifta om kva slags tenester dei leverer.