Konsernresultatet, som omfattar møbelfabrikken på Stranda og dei seks butikkane som dei eig sjølve, viser at omsetninga i fjor kom på 204,9 millionar kroner. Det er ein auke på over 14 millionar frå året før.

– Og veksten ser ut til å halde fram. Så langt i år har butikkane hatt ein omsetningsauke på heile 14 prosent, fortel Kristine Landmark, administrerande direktør i Slettvoll Møbler AS.

Byggjer om butikk

For å ta unna veksten er dei no i ferd med å byggje om fabrikken på Stranda for mellom seks og sju millionar kroner. I tillegg skal dei tilsette eit par medarbeidarar til.

I tillegg må butikken dei har i Stockholm ha større plass, og flyttar inn i nye og større lokale i same gate.

19 butikkar

– Så Slettvoll merkar ikkje noko krise?

– Nei, ikkje så langt, iallfall. Vi sel stadig meir, og tener meir pengar.

– Kva er oppskrifta?

– Vi har funne fram til eit konsept som kundane likar, og dette konseptet er vi trufaste mot. Dessutan arbeider det svært flinke folk i butikkane, og vi er særs offensive i marknadsføringa vår - gjennom annonsar både i aviser og magasin, legg Kristine Landmark til.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Manila

Dei starta med produksjon av manilamøblar i ein kjellar på Stranda på 50-talet. I dag er Slettvoll ein av dei leiande butikk-konsepta i Skandinavia for møblar og interiør.

Det er for tida stor aktivitet i fabrikken til Slettvoll Møbler AS på Stranda. Og no blir også fabrikken bygd om for å ta unna salsauken. Foto: ARKIVFOTO: TERJE ENGÅS.