Almli tek til i stillinga 1. oktober.

Han kjem frå stillinga som "General manager equipment trading and yard support" i Rolls-Royce Marine, skriv selskapet i ei pressemelding.

Etter denne tilsettinga vil Rolf Petter Almli og Trond Skodjevåg Bø vere salssjefar i Ulstein Verft. Begge rapporterer direkte til administrerande direktør Kristian Sætre.

- Vi søkte etter ein person med høg kapasitet for å styrke oss i salsarbeidet. Rolf Petter Almli har lang erfaring frå den maritime marknaden med særskilt ekspertise innan produkt og utstyr. Før han tok til i Rolls-Royce, arbeidde han som salssjef for forretningsområdet Power & Control i ULSTEIN. Eg er svært nøgd med å ønskje han velkomen til oss, seier Kristian Sætre.