På tre år hadde Moods of Norway eit samla overskot på 110 millionar kroner. I fjor gjekk dei på ein storsmell på satsinga si i USA. Planen var å opprette 10 til 15 butikkar der borte. I februar vart det kjent at Moods of Norway kutta to butikkar i USA; i New York og Mall of America i Minnesota.

– Den viktigaste grunnen til underskotet i fjor var at vi gjekk på ein smell på 16 millionar i USA, seier dagleg leiar Jan Egil Flo til NRK Sogn og Fjordane.

Dermed enda selskapet med eit underskot på 13,5 millionar kroner i fjor.

Også Moods’ amerikanske toppsjef George Santacroce gjekk av tidlegare i år.

Moods of Norway har 180 årsverk og hovudkontor i Stryn.