– Dette er nok ei dramatisk melding frå Rolls-Royce, seier Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest.

– Rolls-Royce har jo berre opplevd oppturar sidan dei kjøpte Vickers og Ulstein. No blir dette ein test på kva slags eigarskap dei vil stå for, seier Ingjerd i ein kommentar til Smp.no.

– Rolls-Royce har vore gode eigarar for verksamheitene i Norge. Og eg håper at dei blir verande langsiktige og industrielle også i ein krevjande periode, seier Ingjerd vidare.

Ei truverdig kjelde seier til Sunnmørsposten at produksjonen i Hjørungavåg kan flyttast til fleire stader. Aktuelle plassar skal vere Brattvåg, Ulsteinvik og Kina.

– Maritim bransje er syklisk, det går opp og ned. Kuttar Rolls-Royce for mykje no, vil dei miste kompetanse og mulegheit til å vere med på neste opptur. På den andre side er det forståeleg at konsernet som alle andre må tilpasse seg marknaden. Og marknaden i seismikk er dårleg og ser ut til å bli verande dårleg, seier Ingjerd.

– Det er veldig leit at det har kome til denne situasjonen. Alle veit at det har vore usikre tider. Og dei tilsette har stått på og gjort sitt beste i alle år. Derfor er det ekstra leitt at det no må leggjast ned, seier tillitsvalt Gina Bjørdal i Fellesforbundet ved Rolls-Royce Marine i Hjørungavåg.

Så håper ho at dei tilsette får vere med i den vidare prosessen med å gje arbeid til dei som er tilsett på denne lokasjonen.

– Brutalt

Ordførar Anders Riise (H) i Hareid synest det er brutalt at ein heil fabrikk skal leggjast ned.

– Det er brutalt når ein heil lokasjon skal leggjast ned på denne måten. Eg var jo klar over at det er endringar på gang i Rolls-Royce-konsernet. Men at ein heil lokalsjon skal leggjast ned, det er både trist og brutalt, seier Riise til Smp.no.

– Trist

Terje Høybakk i Maritim Forening Søre Sunnmøre (Mafoss) har berre ein kort kommentar i første omgang.

– Eg har nettopp sagt det til mine næraste kollegaer, at dette er trist, seier Høybak til Smp.no onsdag føremiddag.