Med Tore Roaldsnes i spissen har Roaldnes-reiarlaget blitt ein av dei største kvotehaldarane i Norge når det gjeld sei. I tillegg har dei fire trålarane i reiarlaget kvotar på andre kvitfiskartar.

– Over mange år har vi bygd opp eit godt kvotegrunnlag, og det vil vi no forvalte best mogleg, med størst mogleg verdiskaping, seier Tore Roaldsnes.

Nytt salsselskap

Han har alliert seg med broren, Jon Hallvard Roaldsnes og svigerinna Anja Løvik Roaldsnes, som frå årsskiftet starta eit salsselskap tilknytt reiarlaget. Fisken frå båtane vert seld under merkenamnet Nordic wildfish.

– Vi har fått testa ut namnet og det funkar bra. Første halvår har det vore lett å selje kvitfisk, spesielt sei, fortel Jon Hallvard Roaldsnes.

Han er ein erfaren fiskeseljar, som tidlegare salsdirektør i Marine Harvest.

– Vi har ein gitt kvote og må optimalisere verdiane. Ved å følgje fisken heilt fram til marknaden får vi ein større del av verdikjeda, seier Roaldsnes.

Han tar med seg erfaringane frå sal av laks.

– Kvitfiskbransjen har mykje å lære av laksebransjen både på marknadssida og når det gjeld å tenkje kvalitet. Vi har løfta oss betydeleg med å gjere noko enkle grep, seier Roaldsnes.

Ombygging

Det vert også arbeidd med forbetringar på fangstsida. Trålaren «Molnes», vert bygd om for handtere restråstoffet på ein betre måte ved hjelp av hydrolysemetoden. Dermed kan avskjer bli til eit verdifullt proteinkonsentrat.

– Metoden er miljøvennleg og fører til at fleire av næringsstoffa vert bevart. Vi er den første kvitfisktrålaren som prøver dette om bord, seier Tore Roaldsnes.

I fjor hadde reiarlaget eit rekordår med inntekter på 200 millionar for hovudselskapet AS Roaldnes. Med god draghjelp frå sterke kvitfiskprisar vart driftsresultatet på 55 millionar kroner.

– I år ventar vi ein samla omsetnad på 300–400 millionar kroner for selskapa i reiarlaget. Vi skal ikkje fiske meir, men auke verdiskapinga, seier advokat Helge Kittilsen, som er advokat for Nordic wildfish.

Jon Hallvard Roaldsnes, dagleg leiar Tore Roaldsnes og advokat Helge Kittilsen framfor den nye logoen til Nordic wildfish.
«Roaldnes» er ein av fire trålarar tilknytt reiarlaget. Foto: Arkivfoto: Staale Wattø