Driftsresultatet før skatt enda i fjor på minus 314 millionar kroner etter ein omsetnad på 8,4 milliardar, skriv næringslivsavisa Nett.no.

Underskotet er ikkje full så stort som i 2013 - då Rolls-Royce Marine måtte notere seg med eit resultat på minus 465 millionar før skatt.

Men omsetnaden held fram med å gå nedover. Heile 1,5 milliardar færre kroner kom inn i verksemda i løpet av 2014, samanlikna med året før.

Les meir: Legg ned fabrikk med 200 tilsetteTillitsvald: – Har stått på i alle år173 må gå fra Rolls Royce på SunnmøreSier opp ingeniører og folk i administrasjonen

I årsrapporten skriv selskapet av ordreinngangen var lågare enn venta, og meiner situasjonen på kort sikt er utfordrande. På lenger sikt ventar Rolls-Royce auka etterspørsel etter produkta deira.

Rolls-Royce Marine er mellom dei største arbeidsgjevarane på Nordvestlandet, og hadde i 2014 kring 2100 tilsette. Det siste året har selskapet vore prega av kutt og oppseiingar. I august kom nyheita om at fabrikken med 200 tilsette i Hjørungavåg i Hareid vert lagt ned.

Dramatisk I august vart dei tilsette ved Rolls-Royce i Hjørungavåg orientert om at fabrikken dei jobbar på vert lagt ned. Foto: Johan Behrentz