Marine Harvest kom onsdag med ei kraftig auke på talet for kor mange oppdrettslaks som skal ha rømt frå anlegget deira på Voldnes i Herøy.

Etter at dei først opplyste at berre 10-20 fisk hadde rømt frå anlegget i Rovdefjorden, meiner selskapet no at minst 250 oppdrettslaks rømte.

Fiskarar, særleg i Ørstaelva, har meldt om ei auke i talet på oppdrettsfisk.

– Det er ein uheldig situasjon, og vi jobbar med å få klarhet i kva som har skjedd. Vi har også kontakta andre lokaliteter for å høyre om dei veit noko, seier inspektør Didrik Vartdal i Fiskeridirektoratet til smp.no.

Mistenkjer større rømming

Norges Jeger og Fiskeforbund i Møre og Romsdal mistrur også dei nye tala, og mistenkjer at rømminga har enda større omfang.

– Det er sjølvsagt vanskeleg å seie sikkert, men vi trur det dreier seg om ei større rømming. Det meiner vi ut frå størrelsen på holet i merden, og innsiget vi ser av oppdrettsfisk i elvane, seier kontaktperson Åsa Fredly i fylkeslaget.

Meir om saka: Rømt fisk truleg frå Marine Harvest-anleggMiljøvernforbundet melder lakserømming til politietFekk rømt laks i Ørstaelva

– Ikkje god nok kontroll

Den siste tida har det vore meldt at ein rekkje oppdrettslaks har hamna på kroken i Ørstaelva.

Smp.no har fått opplyst at det fram til onsdag ettermiddag var fiska 44 oppdrettslaks - eit langt høgare tal enn det som har vore vanleg dei siste åra.

Ifølgje Fredly er det også observert oppdrettslaks i vassdrag i Volda.

Saka held fram under bilde

Marine Harvest har ti merder ved anlegget på Voldnes i Rovdefjorden på kommunegrensa mellom Herøy og Sande. Foto: Marius Rosbach

– Vi meiner oppdrettsanlegga ikkje har god nok kontroll. Uhell kan skje, og det er bra at dei rapporterte inn rømminga før det vart observert fisk i vassdraga. Men vi stiller spørsmål ved korleis dei kan anslå at det berre var 250 fisk som rømde, seier Fredly.

Også regnbogeaure

Det er også fiska meir oppdrettsfisk i Ørstavassdraget i løpet av den siste månaden.

Nærare 40 regnbogeaure er så langt hamna på kroken, utan at det er kjent kvar dei kjem i frå. Ingen anlegg i fylket har meldt inn rømming av denne fisketypen.

Generelt meiner forbundet at næringa bør ta eit større miljøansvar, og utvikle nye og betre metodar med tette merdar.

Gjer som fleire enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook

Gjekk hol på merden

Smp.no skreiv tysdag om rømminga Marine Harvest melde om tidlegare i september.

Selskapet trur ein krok eller knute på ei presenning hekta i nota på merden, og laga eit hol på om lag ti gonger ti masker i samband med avlusing.

– Etter dialog med Fiskeridirektoratet og nærare undersøkingar, finn vi det riktig å auke anslaget noko. Det er likevel snakk om eit svært avgrensa tal, påpeiker kommunikasjonssjef Ole Helge Hjetland i Marine Harvest i ein e-post til smp.no.

– Har ingenting å skjule

Marine Harvest sine folk stilte til eit møte med fiskarar frå Ørsta tysdag.

Smp.no kjenner til at det då vart det stilt spørsmål ved det låge talet på rømt fisk som vart opplyst i den første meldinga.

Saka held fram under bilde

Prøvefiske Fram til onsdag ettermiddag hadde minst 44 oppdrettslaks hamna på kroken i Ørstaelva, og kjelda er truleg ei rømming ved Marine Harvest sitt anlegg på Voldnes i Herøy. Det er også teke opp nær 40 regbogeaure ein ikkje kjenner kjelda til. Foto: Svein Aam

– Vi har ingenting å skjule i slike saker og opplyser sjølvsagt så presise anslag som mogleg i våre rapportar til Fiskeridirektoratet, opplyser Hjetland i Marine Harvest.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

DNA-testar fisken

Det vil bli teke DNA-testar av fisken som er teke i Ørstaelva, for å slå fast ut om det er anlegget til Marine Harvest som er kjelda.

Ifølgje Fiskeridirektoratet har det vore få og små rømmingar i Møre og Romsdal i 2015. Marine Harvest har ikkje meldt om andre rømmingar i fylket i år.