Spanande funn i vegskjeringar

Funn frå vegskjeringar i Kvivsvegen og tunnelen ved Hjartåberget kan få betydning for oljeleitinga i Nordsjøen.

– Desse nye vegprosjekta har nemleg blottlagd bevegelsessoner eller forkastingar som aldri tidlegare har vore studert, seier Atle Rotevatn, førsteamanuensis i geologi ved Universitetet i Bergen (UiB).

Rotevatn fortel at berre to dagar før Kvivsvegen vart opna fekk han og kollega Anna Ksienzyk frå UiB tilgang til Kvivsvegen og veganlegget ved Hjartåbygda i Volda.

Følg smp.no på Facebook

Tok prøver

– Med god hjelp frå geolog Svein Ivar Parr i Statens vegvesen, som kjende heile vegstrekninga godt, fekk vi for første gong teke prøver frå desse bevegelsessonene, legg Rotevatn til.

Han forklarer at desse prøvene gjer at dei no vil prøve å aldersbestemme bevegelsane i fjellet, noko som kan gje ny innsikt i norsk, geologisk historie.

– Prøvene vi tok vert no sende til Georg-August Universitetet i Göttingen i Tyskland for nærare analyse. Dette er eit arbeid som vil ta om lag tre månader, trur Rotevatn.

Video, bilde og artiklar: Alt om opninga av Kvivsvegen
Sjå video: Kvivsvegen minutt for minutt

Oljeleiting

Han kallar desse undersøkingane for kjempespanande:

– Både i eit grunnforskings-perspektiv, men også for det som skjer ute på sokkelen. Desse strukturane kan ha hatt betydning for utviklinga av norsk sokkel, og kan i siste instans seie oss meir om kvar ein helst bør leite etter olje og gass til dømes i Nordsjøen, forklarer han.

Prøvene som vart tekne er ikkje frå sjølve Kvivstunnelen, for her var fjellet ferdig sprøyta med betong. Men derimot var det mykje spanande å sjå i vegskjeringane.

– Vi var i Nordfjord også i fjor, då ved ferjestaden Anda i Gloppen. Resultata frå prøvene vi tok der var interessante og uventa, og gjorde at vi ville tilbake for å ta nye prøver frå Nordfjord og Sunnmøre, seier geologen – med røter frå Volda.

– Eg er bergensar, men besteforeldra mine på farssida kom frå Volda, og vi har ei hytte i Vikebygda, legg han til.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Studerer

No sit Rotevatn og kollegaer på Universitetet i Bergen og går igjennom undersøkingane som vart gjort i Nordfjord og på Sunnmøre for få dagar sidan.

– Det er jo spanande at eit nytt vegsamband også kan opne for ny forsking som ikkje har vore mogleg å gjennomføre tidlegare, seier han entusiastisk.

– Desse bevegelsane i fjellet skjedde for fleire hundre millionar år sidan. Men vi meiner dei er yngre enn den kaledonske fjellkjedefoldinga som fann stad for meir enn 400 millionar år sidan, legg han til.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Det er jo spanande at eit nytt vegsamband også kan opne for ny forsking. Atle Rotevatn