Igjen er det eventyrlege vyar i det kvite bygget ved vasskanten i Hovdebygda. Det er her dei fem tilsette ved Arctic Nutrition AS utviklar produkt, løysingar og teknologi basert på marine komponentar.

– Vi tar frå havets sølv (silderogna), tar ut havets gull (omega 3-fosfolipider) og raffinerer det til høgverdige helsekostprodukt, seier dagleg leiar Hogne Hallaråker, som sjølv er utdanna marinbiolog.

– Det er mange som har framstilt omega-3-fosfolipider av silderogn. Men vi er først i verda med kommersiell omsetning, seier han. – Salet er stigande. Vi er veldig godt nøgd og trur 2013 blir eit nøkkelår.

Les nyheiter frå næringslivet på smp.no

30 mill. kronar

Selskapet blei stifta i fjor. I år har emisjon tilført verksemda 30 millionar kroner. No satsast det på sal av omega-3-olje frå norsk silderogn i alle verdsdelar.

– Vi har etablert oss i Australia, Asia, Europa, Sør-Amerika, og er i ferd med å skrive avtale med aktørar i USA. Det kjem ein pressemelding om Australia no, og seinare om USA.

– Per i dag er største marknaden i Europa, spesielt i Frankrike, fortel Hallaråker, men trur USA blir den største framtidige marknaden. Han fryktar ikkje finanskrisa og seier den hemmar bransjen i liten grad.

Attraktive dropar

Det er den unike samansetninga av feittet og proteinet i silderogna som gjer denne så attraktiv for helsekostprodusentar.

– Alt som er bra i verda ligg i rognkornet, livets byrjing. Her ligg alle næringsstoffa som skal til for at det skal utvikle seg til liv, messer Hallaråker.

Arctic Nutrition hentar rogna hos Fosnavaag Seafood. Der vert den lagt på fryselager før den vert sendt vidare for prosessering hos ein ekstraksjonspartnar i Europa.

Hemmeleg

Kven og kvar? Nei, det er hemmeleg. Den vidare prosessen med framstilling til omega-3-olje skjer på hemmeleg stad hos ein hemmeleg aktør på kontinentet, er alt Hallaråker vil seie om den saken.

Det han meir enn gjerne vil fortelje om er korleis foredlingsprosessen hentar ut det høgverdige feittet av silderogna.

Unike eigenskaper

– Feittet vi tar ut kan blandast med vatn. Fordelen er at vi kan ha dette i matvarer og drikke. Det fungerer som ein emulgator (som får stoff til å blande seg med kvarandre), i tillegg er den mykje meir stabil med tanke på harskning, opplyser Hallaråker.

Den miljømessige sida er viktig i marknadsføringen.

I tillegg til at firmanamnet gjev lovnad om reint miljø, fortel dei kundane at sildefisket er berekraftig, at det ikkje er fare for bestanden. Dei får også vite at rogna er eit biprodukt, og at fisket skjer i reint farvatn like ved kysten.

Forsking

– Vi køyrer også kliniske studiar med desse omega-3-feittsyrene som vi trur vil gje oppsiktsvekkjande resultat, seier Hallaråker. – Det finst data som viser at omega-3-fosfolipider kan ha god effekt på mentale prosessar og mental helse. Frå før er det påvist at feittsyrene har gunstig effekt på hjerte-kar-system, Alzheimer og demens, seier Hallaråker.

Sjå også: Ny eksportvare frå Fosnavåg: Satsar stort på silderogn

Silderogn. Rogna er eit biprodukt til silda og vert fryst hos Fosnavaag Seafood før den vert sendt vidare til kontinentet for å bli omega-3–olje.
Arctic Nutrition. En ung, innovativ bedrift som held til i sjøkanten i Hovdebygda.