Selskapet har signert ein kontrakt på levering av framdriftssystem til sju boreskip for det statlege brasilianske oljeselskapet Petrobras.

Det er det brasilianske verftet Atlantico Sul som står for kjempeordren, og dei sju boreskipa skal til saman utstyrast med 42 thrusterar og 42 dieselmotorar frå Rolls-Royce, ifølgje ei pressemelding frå selskapet.

Følg smp.no på Facebook

Bergen og Finland

Jobben skal først og fremst gjerast ved konsernet sine avdelingar i Bergen og Finland, opplyser Helge Gjerde som er senior vice president offshore for motorar og framdrift i Rolls-Royce, til smp.no.

Medarbeidarane som har jobba nærare eit år med å sikre kontrakta, er tilsett ved avdelinga i Ulsteinvik.

– Dette er ein ny kunde for oss i ein krevjande marknad, og det gjer det ekstra gledeleg å få ei slik stor kontrakt i hamn, kommenterer Gjerde.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Største Brasil-ordre

Dette er den største enkeltordren for framdriftsutstyr signert av Rolls-Royce nokon sinne, og den største ordren i Brasil.

– Det er mengda skip som gjer ordren stor i verdi. Samtidig er dette ein type skip som til no knapt har vore bygd i Brasil, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i selskapet til smp.no.

Boreskipa til Petrobras skal primært støtte utvinninga av olje frå brønnar i pre-salt- laga lokaliserte 2000-3000 meter under havoverflata, utanfor kysten av Brasil.

Les også: Brasil-boom med bismak

Kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine Norden.