Fjord1 og Norled har levert pristilbod om å drive ferje på strekningane Volda-Folkestad og Volda-Lauvstad.

Det lågaste tilbodet er på dryge 480 millionar kroner, medan det høgaste er på 505 millionar kroner, for å drive sambanda i femårsperioden frå 2013 til 2018. Vegvesenet opplyser ikkje kven som har levert inn lågast pris.

Følg smp.no på Facebook

Håpa på fleire

Seniorrådgjevar Knut Arve Orten Lie i Statens vegvesen seier han hadde venta at fleire av dei store reiarlaga hadde kasta seg inn i konkurransen.

– Lågaste pris er einaste tildelingskriterium, men innafor ferjedrifta er likevel tilfredsstillande ferjemateriell eit av fleire minimumskrav som skal oppfyllast før ein kontrakt vert tildelt, påpeiker Lie.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Kutter nattferja

Fleire i lokalmiljøet reagerte etter at det vart kjend at krava til sambandet Volda-Folkestad er endra til ikkje å ha med krav om nattferje - og at ferjene skal vere mindre.

Det er óg komen fram at Norled har opplevd ein nedgang på om lag 25 prosent i trafikken på sambandet etter at Kvivsvegen opna i haust.

Les også: Nattferja vert kuttaLes også: Kvivsvegen slår ut på ferjetrafikken

Ferjene «Folkestad» og «Lauvstad» trafikerar i dag sambanda over Voldsfjorden.