Offshore. Edda Accomodation i Haugesund, som er eit dotterselskap av Østensjø reiarlag, skal byggje to offshorehotell på kjøl, kvar med plass til 800 personar.

Då byggjeplanane vart kunngjort i april i fjor låg det i korta at kontrakten ville hamne i Spania, der reiarlaget bygde det første flotellet sitt, «Edda Fides».

Sunnmørsposten får no stadfesta at norske verft ligg godt an når kampen om storkontrakten no går inn i sluttfasen.

Følgsmp.no på Facebook

Finansiering

– Dersom vi får det til å stemme så vert det Norge. Og det er ingenting som er kjekkare, seier administrerande direktør Johan Rokstad i Edda Accomodation.

Han legg til at det sjølvsagt handlar om pris, men at finansiering også er eit svært viktig element.

– Og det er ikkje lett å få på plass finansiering i Spania for tida, seier han.

Flotell

Reiarlaget fekk i mars 2011 overlevert «Edda Fides» frå verftet Astillero Barreras i Spania.

Stortingsrepresentant Else-May Botten var gudmor for det 135 meter lange skipet som er bygd for å gjennomføre serviceoppdrag, samstundes som det er hotell for plattform- mannskap.

Nyvinninga er bygt på eit enkeltskrog, og ligg kopla til plattforma via eit spesialkonstruert gangsystem. Det kan enkelt koplast frå og fungere som eit vanleg skip.

Truleg fleire milliardar

Dei to nye flotell-skipa skal vere større, med ei lengde på 155 meter, overnattingsplass til 800 personar og dekksareal på 2.000 kvadratmeter. «Edda Fides» er 135 meter, og har plass til 600 overnattingsgjester.

Ingen vil spekulere i prisen på nybygga, men «Edda Fides», som altså er mindre, kosta 150 millionar euro (1,1 milliardar kroner).

– Vi håper på ei avklaring om bygging i løpet av nokre veker, seier administrerande direktør Johan Rokstad i Edda Accomodation.

– Går denne kontrakten til Sunnmøre?

– Eg kan ikkje seie noko om kva verft vi forhandlar med.

– Men det er vel ikkje mange verft andre stader i Norge som kan ta eit slikt oppdrag?

– Det har du nok rett i, seier Rokstad.

Lesfleire næringslivsnyheiter på smp.no

Ulsteinvik?

Kleven Verft er eit av verfta som kjempar om kontrakten på hotellskipa. Det stadfestar administrerande direktør Ståle Rasmussen ved Kleven.

– Dette er eit spennande prosjekt, som vi har sett på. Men etter det eg kjenner til er det inga avklaring, seier Rasmussen.

Andre lokale verft som vanlegvis er på banen når det er snakk om så store offshoreprosjekt er STX OSV og Ulsteingruppa. Men i desse selskapa var det i går ingen som var tilgjengelege for å svare på om dei deltek i kampen om kontrakten.

Direktøren i Edda Accomodation seier at det er første omgang skal skrivast kontrakt på eitt skip, og at dei vil ta opsjon på eitt til.

Mykje utstyr

Også for utstyrslevarandørane representerer dei to skipa potensielle oppdrag. Sjølv om «Edda Fides» vart bygd i Spania vart det levert mykje norsk utstyr, mellom anna frå den maritime klyngja på Nordvestlandet.

«Edda Fides» er eit flytande hotell, men også noko meir. Skipet har kontor, opphaldsrom, sjukehus, kino, bibliotek og butikkar.

Dei nye skipa skal få design frå Salt Ship Design, som alt er i gang med arbeidet.

– Erfaringane med «Edda Fides» har vore gode, og investeringskostnadene er lågare enn med flytande boreriggar, skreiv selskapet då dei gjorde planane om to nybygg kjende.