– Jo, vi er svært nøgd med resultatet, slik vi også har vore dei siste åra. Slik sett er ikkje fjoråret spesielt, seier dagleg leiar Kjell Norvoll til Sunnmørsposten.

Motorfabrikken i Søvik leverer komplette fremdriftsanlegg og strømaggregat både til maritim og landbasert verksemd. Ein leverer motorar og utstyr både til fritidsbåtar, store offshore farty og dei fleste båttypane imellom.

Variasjonar

Rekneskapen for 2012 syner ein omsetnad på nærare 163 millionar kroner. Det er noko mindre enn året før, men skuldast ifølgje Norvoll når på året oppgjer for sal skjer. Dermed er det tilfeldig at årsresultatet gjekk ned med vel ein million kroner i fjor. Samstundes bygger selskapet stein på stein, og eigenkapitalen har auka med knappe ti millionar og er oppe i solide 105,3 millionar kroner.

Fabrikken er leverandør av motorar frå Nanni, John Deere og Scania. Ved fabrikken blir motorane tilpassa kvar einskilde installasjon, og som oftast blir dei levert saman med eigenproduserte gear og propellanlegg.

Varierte produkt

– Våre gear og propellanlegg blir først og fremst levert til fiske- og arbeidsbåtar. Vripropellanlegg gir presis kontroll i alle situasjonar og optimal framdrift ved varierande kondisjoner, heiter det på selskapet sine nettsider. Selskapet utviklar også overvåkingssystem.

– Det er ein styrke at vi har fleire bein å stå på. Dette er ein strategi vi har følgd i fleire år, seier Kjell Norvoll.

Nogva Motorfabrikk held til i Søvik, og har 48 fast tilsette. Selskapet har ei dotter i Svolvær, Nogva Svolvær AS og verksemda ET Hydraulik AS på Grytastranda.

Ekspandere

– Vi har halde høg aktivitet lenge. Det største problemet vårt har vore at kapasiteten er for liten. Difor kjøpte vi oss i fjor inn med 51 prosent i ET Hydraulik. Meininga er at vi etter kvart skal ta over heile denne verksemda og dermed auke produksjonen. For tida arbeider vi med planar om å byggje ut, seier den daglege leiaren.

<strong>Arbeid:</strong> Dei har nok å henge fingrane i, Eirik Olaisen Kjerstad og Øyvind Grytten. Her klargjer dei eit gir til ein arbeidsbåt. FOTO: STAALE WATTØ