Meir om denne saka i papirutgåva av Sunnmørsposten måndag

– Eg døyper deg for «Hopen». Måtte hell og lykke følgje deg på alle verdas hav, sa Gudmor Vilde Remøy (11) før ho sendte av garde sjampanjeflaska mot det knallblå skroget.

Himmelen var ikkje av det blå slaget, men det sette ingen dempar på «Open båt»-arrangementet, dåpen og den påfølgjande feiringa til dei frammøtte.

Følg smp.no på Facebook

Utrusta i Tomrefjord

Direktør Dag Vikestrand ved Vard Langsten, som har utrusta «Hopen» etter å ha fått levert skroget frå deira systerverft i Romania, sa at han var stolt av det medarbeidarane hans hadde prestert.

Båten er bygd etter det banebrytande ST-117-designet, som er utvikla av Skipsteknisk i samarbeid med reiarlaget og deira mannskap.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Sikkerheit i framsetet

Jørn Remøy - reiar, prosjektansvarleg for nybygget og dagleg leiar ved Remøy Fiskeriselskap AS, som har kontrahert nye «Hopen» - fortel at mannskapet har vore med på heile utviklings- og byggeprosessen.

Etter at gamle «Hopen» blei seld, er det mange som har venta på at den nye skulle bli ferdigstilt.

På spørsmålet om kvifor reiarlaget valde eit norsk skipsverft i staden for eit utanlandsk, som ville kunne ha gjort jobben billegare, svarar Remøy slik:

– Sikkerheit. Vi ville vere heilt 100 prosent trygge på å få båten slik vi ville ha den.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no