Fjordlaks gløymde å skrive under med to namn då dei sende inn søknad på dei nye grøne sertifikata i oppdrettsnæringa. Berre styreleiar Anders Pedersen signerte.

– Vi kjem soleklart til å påklage avvisingane. Eg vil også tru at det ligg mange gode forslag i forhold til lus og rømming som er fjerna, seier Fjordlakssjefen til Intrafish.no

Fiskeri- og kystdepartementet har lyst ut 45 grøne konsesjonar for oppdrett av laks. 25 av konsesjonane er tilgjengeleg for området sør for Troms.

Ved fristens utløp var det 255 søkjarar. Men 118 av søkjarane er avviste fordi dei formelle krava ikkje var oppfylt, fleire fordi søknadsgebyret ikkje viste på bankutskrifter sjølv om gebyret vart betalt innan fristen.

Pedersen har tidlegare spådd eit ragnarok og eit skred av søksmål. Han seier til Intrafish.no at han meiner konsesjonsrunden i utgangspunktet er ein god idé, sjølv om han har mange merknader.Han vil jobbe for at Fjordlaks igjen kjem med i oversikta over reelle søkjarar.

Fleire søkjarar

Fleire søkjarar på Nordvestlandet har fylt dei formelle krava til søknadene. Også eit nystarta selskap er blant søkjarane, Midsund Miljølaks AS ved Hugo Vegar Heggdal.

– Selskapet vart stifta tidlegare i år. Dei fleste aksjonærane har brei erfaring frå oppdrettsbransjen, spesielt innan miljøvenleg og berekraftig oppdrett av laks, seier Heggdal til Smp.no.

Norsk Sjømat Oppdrett AS på Stranda har søkt på to konsesjonar. Aqua Farms Vartdal på Vartdal i Ørsta har søkt på ein konsesjon.

Prophylaxia AS på Vikebukt i Vestnes kommune er blant søkjarane, selskapet har søkt på tre konsesjonar.

Marine Harvest Norway har søkt på heile 15 av dei 25 tilgjengelege konsesjonane. Også SalMar har søkt på ei rekkje konsesjonar.