Det viser estimat frå Møreforsking, og er basert på reiarlaga sine vurderingar i sommar.

Sjå interaktiv grafikk som viser utviklinga i Herøyflåten dei siste åra.

Til samanlikning var driftsinntektene i 2005 på om lag to milliardar kroner. Sidan då har nye reiarlag kome til og eit har flytta (Trico Supply). Ifølgje tala frå Møreforsking har reiarlaga i Fosnavåg hatt eit samla resultat før skatt på 8,5 milliardar kroner siste åtte år.

Les også: Offshorebyen Fosnavåg ei båtlengd føreLes også: Eventyrleg utvikling i Fosnavåg

100 skip

Dei ni reiarlaga som no er lokalisert i Herøy er Havila Shipping, Olympic Shipping, Bourbon Offshore Norway, Rem Offshore, Fosnavåg Shipping, Remøy Management, Remøy Shipping, Asper Norway og Neptune Offshore.

Samla sit dei på ein flåte på over 100 skip. Marknadsverdien på desse offshore-, kystvakt og brønnbåtane er på om lag 35 milliardar kroner, dette ifølgje opplysningar frå reiarlaga sjølv. Det er ei dobling i talet på skip og nærmast ei firedobling i marknadsverdi på åtte år når ein ser på den samla flåten til desse reiarlaga. Dei ni reiarlaga har til saman 3.000 tilsette, ei auke på om lag 1.800 tilsette sidan 2005.

Internasjonalt leiande

Dr.ing. og dagleg leiar for Møreforsking i Molde, Oddmund Oterhals, seier at offshorereiarane har vore heldige – og ikkje minst dyktige.

– Vårt fagmiljø følgjer frå år til år den maritime klynga. Frå 2005 har veksten tatt veldig av. Når det gjeld offshorereiarane kan ein spørje «kva for ei finanskrise?». I ein periode der resten av verda har fått store konjunkturutfordringar, har vår offshore- og olje/gassindustri merka veldig små effektar av dette, og dei har fortsatt veksten, seier han.

Ifølgje Oterhals har også Herøy-miljøet, saman med nokre andre sterke miljø sørover langs kysten, tatt ei leiande rolle internasjonalt med sine avanserte offshore serviceskip.