Ottar Vartdal eig Vartdalgruppa Fiskeoppdrett og Aqua Farms Vartdal, eit konsern med fire matfiskkonsesjonar, to setjefiskanlegg og eige slakteri og fryseri på Vartdal.

– Ottar Vartdal har stått imot alle forsøk på oppkjøp. Gruppa er lokalt eigd og syter for mange arbeidsplassar på Vartdal og i Hjørundfjorden, framheva banksjef Sigrun Heltne Vartdal i Sparebanken då ho grunngav prisen.

Følgsmp.no på Facebook

40 årsverk

Ottar Vartdal starta fiskeoppdrett saman med faren Rolf i 1979/80. I dag har konsernet 40 årsverk.

–Det har vore ei fantastisk reise. Eg har vore heldig som har fått jobba heile livet med hobbyen min, seier Ottar Vartdal.

Motstraums

I oppdrettsnæringa har gått mot færre og større selskap. Difor er utviklinga til Vartdalgruppa Fiskeoppdrett/ Aqua Farms Vartdal motstraums.

–Det er artigare å halde på når ein har full kontroll, seier Vartdal, som er optimistisk på næringa sine vegner.

– Neste år vert det rekordprisar, seier fiskeoppdrettaren.

Lesfleire næringslivsnyheiter på smp.no