«Det skjedde så plutseleg: Fiskekvotar verdt titals milliardar kroner vart gitt vekk gratis til ei handfull reiarar til evig tid.»

Slik lanserer Henning Røed boka «Fiskehistorier», der spørsmålet om kven som skal eige fisken i havet er sentralt.

– Vi har levd av fisken i tusen år i dette landet, og fisken vert ekstremt viktig i minst tusen år til. Men havressursane er trua av rovdrift, privatisering og dårleg forvalting, seier Henning Røed.

Følg smp.no på Facebook

– Framleis aktuell

Forfattaren er frittståande marinbiolog mellom anna med fortid i Statens Forureiningstilsyn og Verdas Villmarksfond .

Kvotane han meiner vart gitt vekk gratis er strukturkvotane som vart gjort evige i 2005. Seinare vart dette vedtaket omgjort. Men Røed meiner saka framleis er høgaktuell, sidan den nye regjeringa ønskjer å gjeninnføre evige kvotar.

– Fisken blir privateigedomen til nokre få. Det vert yrkesforbod for unge og dei som ikkje er mangemillionærar, seier han.

Fleire hundre milliardar

Strukturkvotane er berre ein del av fiskeressursane i Norge, og det meste er langt på veg privatisert, meiner han. Røed har rekna ut av dei samla fiskerettane i Norge er verdt 400 milliardar kroner, men han vedgår at det er eit reknestykkje som kan diskuterast.

– Tar du ikkje også hardt i når du kritiserer fiskeriforvaltinga i Norge nesten nord og ned?

– Norsk forvalting er bra, men det er fordi vi er i ei klasse med middelmådige elevar. Så det er stort forbetringspotensial, seier Røed, og trekkjer fram forvaltinga av hummar som eit område der vi har mykje å lære av amerikanarane.

– Men amerikanarane fiska ned torsken på Austkysten. Det har ikkje Norge.

– Det er rett, men storleiken på gytetorsk i Barentshavet er på veg nedover, så vi må passe oss. Og så har vi kysttorsken. Det forvaltar vi ikkje i det heile tatt. Vi berre fiskar den. Alt i alt kunne vi i Norge ha hausta minst det dobbelte frå havet enn vi gjer i dag, seier Røed.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

Volstad-saka og korallvern

Han påstår sjølv at han er den einaste som har følgt Volstad-saka i alle tre siste rettsinstansar, og denne rettssaka har fått god plass i boka.

Ei av dei andre fiskehistoriene i boka er om kampen for å verne verdifulle korallrev på Storegga.

– Det var kystfiskarar frå Sunnmøre som slo alarm på 90-talet om at trålarane øydela korallreva. Dette er ei historie som fortener å bli betre kjent, seier Henning Røed.