Statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland startar besøket ved Kleven verft i Ulsteinvik.

– Statsministeren prøver å reise ut i landet kvar tysdag. Dette kvartalet er konkurransekraft tema for reisene. Og då var det naturleg å setje kursen mot Sunnmøre så fort som muleg, seier Rolf Erik Tveten (H), som er politisk rådgjevar for statsministeren.

Følg smp.no på Facebook

Lyttemøte

Besøket på Sunnmøre er retta mot marint og maritimt næringsliv.

– Formålet med reisene er å få innspel om kva som er viktig i deira kvardag, seier Tveten.

Ved Kleven verft blir det omvising i produksjonen. Her vil Solberg og Mæland få møte TAF-elevar frå Ulstein vidaregåande skule og sjå på robotisert produksjon.

Det blir også lyttemøte med lokale representantar for næringsliv og styremakter, samt for kunnskapsmiljøet i regionen. Temaet for dette møtet er suksessfaktorar og utfordringar for den maitime industriklyngja.

Fiskebåt til Ålesund

Solberg og Mæland skal reise med den kombinerte torske- og reketrålaren «Hopen» frå Hareid til Ålesund. Om bord i båten blir det orientering om havfiskenæringa.

I Ålesund blir det omvising hos Omega-3-produsenten EPAX. Det blir også møte med leiaren for den biomarine klyngja Legasea. Temaet her er næringsutvikling basert på marine ressursar.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

Høgre-jubileum

På statsministeren sitt program står vidare eit besøk til det psykiatriske akutt-temaet på Ålesund sjukehus. Her skal statsministeren få møte fagfolk, pasientar og pårørande for å høyre om erfaringane med akutt-team som rykkjer ut.

Statsministeren avsluttar Sunnmørs-besøket med deltaking på Høgre sitt partimøte i Ålesund i samband med at lokallaget markerar 130-årsjubileum.