Dette er programerklæringa til påtroppande butikksjef Sigrid Roth ved den smått legendariske nærbutikken Skipsen på Vartdal. Ho har alt tolv års fartstid på denne nærbutikken, som familien Roth kjøpte og overtok i mars for fem år sidan.

– Folk har verkeleg oppdaga kva som er kvalitet på fisk. Anna forklaring har i alle fall ikkje eg, på kvifor salet at fiskekartongar frå butikken har gått rett i veret.

– Ja, bortsett frå prisen då, pappa har sagt at vi skal vere best på kvalitet, men også billegast i landet på pris, smiler Sigrid Roth.

Ho er nyleg ferdig med handelsutdanninga si, og er busett med sambuar i Remvika i Ålesund. Likevel dagpendlar dama til butikken på Vartdal.

Følgsmp.no på Facebook

Satsar

Ho har bestemt seg for å satse.

– Ja, eg har vakse opp med dette og synest det er kjempetriveleg. Det har ikkje akkurat vore lyse utsikter for nærbutikkane i distrikta, og det er der eg ser den store utfordringa, fortel Roth.

Det første og største trekkplasteret fekk ho opp i handa av tradisjonen. Vartdal-tradisjonen. Som dreiar seg om å lande fisk i toppklassen ved fiskerikaia. Fisk som går verda rundt, i ulike distribusjonsledd.

Men den udiskutabelt mest kortreiste varianten går med truck rett opp bakken frå kaia - til fryselageret på Skipsen. Derifrå og opp til disken i butikken er det to fulle etasjar, fordelt på eit tosifra tal troppetrinn.

Lesflere næringslivsnyheter på smp.no

Styrketrening

– Det er her vi no får den fantastiske kondisjons- og styrketreninga, som gjorde at eg berre kunne droppe ut betalt trening på treningssenter, ler Sigrid Roth.

Ho kan nemleg vise til eventyrlege 26.000 kilo i seld fisk i løpet av siste året. Delt på kartongstorleiken på 6,8 kilo, blir dette i underkant av fire tusen kasser opp troppene...

– Det kan bli endå meir, trur Sigrid.

– Eg ser ein trend der stadig fleire også på min alder faktisk bloggar om fisk - som lett tillaga og supersunn mat.

– Eg ser at stadig fleire bygdefolk kjem innom og handlar med seg fisk når dei skal vitje slektningar. Dette ser unekteleg lovande ut, slår Sigrid Roth ved Roth Daglevarer Spar Vartdal as fast. Skipsen lever likevel sterkt på folkemunne.

Lesfleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Fiskebåtreiar Knut Vartdal (73) og familien dreiv butikken Skipsen på Vartdal for inntil fem år sidan. Her frå fabrikktrålaren «Ramoen» kan han lange fisk til gamlebutikken, eit steinkast opp i bakken. Foto: Knut Arne Aarset
Ferskfrosen torsk og trimma tråd – påtroppande Skipsen-sjef Sigrid Roth har funne seg to unike spesialnisjar for å sikre nærbutikk-konseptet på Vartdal. – Strikketrenden er enorm, fortel ho. Foto: Knut Arne Aarset