– Om Sogn og Fjordane Fylkeskommune skulle bestemme seg for å selje seg ut av Fjord1, er det ikkje sikkert at Havila er ein aktør som kjem på banen, seier Per Sævik.

Han legg ikkje skjul på at kjøpet av aksjeposten frå Møre og Romsdal fylkeskommune for nokre år sidan ikkje har vore av dei beste investeringane han har gjort.

Avis: – Opnar for Fjord1-sal

Tung skute å snu

Per Sævik har tiidlegare uttalt at Møre og Romsdal fylkeskommune er den parten som har aller mest grunn til å vere nøgd med handelen.

– Fjord 1 har vore ei tung skute å snu. Når eit selskap med 2,4 milliardar kroner i omsetjing og 1.200 tilsette, ikkje har tent pengar dei to siste åra, så er ikkje det tilfredsstillande. Men det har vore teke grep,og fleire vill verte tekne. Derfor trur eg at selskapete etter kvart også vil tene pengar, seier Per Sævik.

Las i Firda

Han opplyser at han først torsdag vart merksam på at stemninga blant fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane er i ferd med å snu når det gjeld sal  av majoritetsaksjeposten i Fjord 1.

Bakgrunnen er at økonomien i fjordfylket er svært utfordrande.

– Eg vart merksam på dette då eg las Firda på nett. Dette har vore ukjent for oss tidlegare, seier han.

Avviser

Når smp.no spør direkte om hans selskap er i kjøpsposisjon, så avviser Per Sævik det kategorisk.

– Eg har ikkje oppfatta det slik at aksjeposten som Sogn og Fjordane fylkeskommune sit på er lagt ut for sal, understrekar han.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane i ferjeselskapet, medan Havilafjord AS eig dei resterande 41 prosent av selskapet.