Stryn Sommarski Eigedom tapte rettssak mot tidlegare eigarar av skisenteret, melder NRK Sogn og Fjordane.

Avgjerda frå Fjordane tingrett fører til at eigedomsselskapet får ei ekstra utgift på 350.000 kroner.

Følg smp.no på Facebook

Kravde éin million

Det lukkast ikkje og etter at partane ikkje vart einige i konfliktrådet, hamna saka for tingretten. Der kravde Pop Norge ei betaling på meir enn ein million kroner. Motparten la ned påstand om frifinning.

Retten har fastsett verdien til 250.000 kroner, og i tillegg kjem advokatutgifter på nær 100.000 kroner.

Styret i Stryn Sommarski Eigedom vil ta stilling til ei eventuell anke neste veke, og styreleiar Ola Flo vil ikkje uttale seg om saka.

Til sals

Investorane har kasta korta og vil selje skisenteret. Det er gjort ein intensjonsavtale om å selje senteret til Idar Aabøen, men styret har også lufta interessa i marknaden.

– Ja, det har vi gjort og det er klart at ikkje er lett å selje eit sånt anlegg med dei sesongane som har vore dei siste åra. Det er ingen andre som har vist interesse til no, seier Flo.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no