Fabrikktrålaren, med eit mannskap på 30–32 personar, fekk i fjor driftsinntekter på 100 millionar kroner og eit resultat før skatt på nærmare 15 millinar kroner. Det er på nivå med året før.

I tillegg til filetfabrikk har fabrikktrålaren også H/G-anlegg ombord  – for berre hovudkapping og sløying. I i tillegg har dei  mjølfabrikk for å utnytte alt avfallet frå filetproduksjonen.

Prisane steig i andre halvår

Torskekvotame vart betydeleg auka frå 2012 til 2013, medan hyse- og seikvotane vart redusert. Ifølgje årsmeldinga, gjekk prisane på torsk, sei og hyse sterkt ned i andre halvår 2012, og var også lave første halvår i 2013.  Imidlertid var det i andre halvår 2013 ei positiv prisutvikling, og då spesielt på filetprisane på torsk og hyse. Ei svakare krone medverka også til dette.

Ifølgje årsmeldinga har filetprisane heldt seg godt også utover i 2014, medan prisane på hovudkappa og sløyd fisk framleis var relativt lave i vår.

Eig ilag

AS Ramoen er eigd 65 prosent av Eros as, og der Per Magne Eggesbø er stor aksjonær. Dei andre aksjonærane i AS Ramoen er blant anna Knut Vartdal, Atle Vartdal og Erlend Vartdal. AS Ramoen eig også 100 prosent av Vartdal Seafood AS.