Rogalendingen som er reiar for kystsnurparen «Bøen» er fast gjest på Sunnmøre i februar. Og tradisjon tru stod «Bøen» for ein av dei første sildefangstane på Møre-felta.

Måndag lossa «Bøen» 260 tonn norsk vårgytande sild ved Pelagia Måløy.

– Vi fiska utanfor Ona. Den store mengda har ikkje kome enno, men om to-tre dagar så er ho ved Ålesund, seier Einar Bøen.

– Det er vel seinare enn vanleg?

– Ja, det er voldsomt seint, rundt to veker seinare enn dei siste åra. Silda stod lenge i fjordane nordpå i år, før gytevandringa byrja. Årsaka til det kan vi berre spekulere om, men kanskje har det noko med temperaturen å gjere, seier Einar Bøen.

Dermed går det mot eit avgrensa vintersildefiske på Sunnmøre i år.

– Den silda vi fiska på slepp nok rogna om ei veke. Men så kjem det vel ny sild etter, meiner Einar Bøen.

Gytetid

Norsk vårgytande sild har sitt tradisjonelle hovudområde for gyting rett nord for Stad. Og i gode sildeår er det stort aktivitet på fiskefelta. Men i år er kvotane låge.

Dei fleste har fiska lenger nord, og ventar med resten til hausten. Men «Bøen» satsar framleis på Sunnmøre. Og Einar Bøen er nøgd.

– Vi fekk overraskande bra betalt for silda, seier Bøen, og etter litt press røper han at dei fekk 7,74 for kiloen.

– Det kan ingen klage over, seier Einar Bøen.

Labert

At sildesesongen har vore framtung i år viser vekestatistikken for veke seks. I førre veke, altså midt i den tradisjonelle kjernetida for vintersildfisket på Sunnmøre, vart det berre meldt inn 2.800 tonn til Norges Sildesalslag. Det gjer veka til den dårlegare i år.

Det betyr lite sild også for landanlegga på Nordvestlandet.

– Vi reknar med ein mykje meir laber sildesesong her på Sunnmøre i år i forhold til det det var for 6-7 år sidan. Med dei låge kvotane som er på sild no, hadde vi uansett ikkje venta så mykje. Men vi fekk ein del sild i januar, då båtane fiska lenger nord, seier fabrikksjef Roar Aasen ved Fosnavåg Pelagic.

Han set no sin lit til at dei skal halde produksjonen oppe med lodde.

– Ringnotflåten fiskar godt med lodde ved Island for tida, seier Roar Aasen.