Ny fiskefinnar-teknologi:

Kan sjå fisk i 3D

No kan fiskarane sjå både fisken og omgjevnadene tredimensjonalt frå styrehuset.

Nytt: Justin Kiel frå det Furuno-tilknytta selskapet Emea i Ny Zealand lanserte den nye fiskefinnaren.  Foto: Svein Aam

Fiskeri

Furuno, som har sitt nasjonale hovudkontor i Ålesund, bruker Nor-Fishing til å lansere ein ny versjon av ein fiskefinnar som får fram både fisk og havbotnen tredimensjonalt.

– Det er ein forbetra og kompakt versjon, som vil eigne seg for sjarkflåten og oppover, seier dagleg leiar Trond Strømmen i Furuno Norge. Justin Kiel i det nyzealandske søsterselskapet Emea stod for lanseringa i Trondheim.

Ervik Havfiske signerte rekordkontrakt med Mustad

Linebåtrederiet Ervik Havfiske på Stadlandet har inngått rekordkontrakt med Mustad.


– Med dette systemet er det lett å utforske nye område på havbotnen for fiskarane, seier Justin Kiel.

Wassp 3, som systemet heiter, sender ut over 200 strålar, som gir grunnlag for å få eit tredminesjonalt bilete på skjermen.

Dermed kan fisket effektiviserast, og faren for å setje fast i botnen reduserast.

Gjer som meir enn 29.000 andre - følg smp.no på Facebook